"Dei levde etter denne musikken, sang han heilhjarta, dansa han med ekte lidenskap og sette publikum i en tilstand av eufori."
– Kultur [Østerrike]
Verdskjende Barokksolistene tek oss med inn i eit ekte 1600-tals show. Heilt til i dag har Purcell vorte feira som Orpheus Britannicus – komponisten som fekk det engelske språket til å bli levande gjennom musikk.
Barokksolistene haustar toppkarakter frå store avisar uansett kor dei befinn seg - og i kveld spelar dei opp i Kafe Banken i ærverdige Kulturhuset Banken på Lillehammer.
Briten Henry Purcell komponerte musikk til kyrkefestar, for det konglege hoff, til offentlege seremoniar, private andakter og hyggeleg underhaldning: Musikk som passa til høgtideligheiter i Westminster Abbey og prakta i Royal Chapel – men og populære melodiar for den røffe humoren til tavernaene og pubane.
I britiske tavernaer kunne ein på 1600-talet ofte finne ei lita teaterscene på bakrommet. Då Oliver Cromwell stengde England sine teater i 1642, fløtte kunstnarane seg til pubane, kor gjestane kunne oppleve nokså improviserte forestillingar sett saman av skodespel, dans og sang – gjerne ei god blanding av kunstmusikk og meir folkelege innslag. Sjølv etter at teatra gjenopna, var desse uformelle konsertane så populære at dei heldt fram, og vart ei viktig kjelde til både inntekt for kunstnarar og utveksling og utvikling av musikk.
I alle Purcell sine verk blandar han sin naturlege musikalske arv med italienske og franske tradisjonar - og forener dei til ein unik stil som på den ene sida er typisk engelsk og på den andre heilt personleg.
"Ein av dei mest komplette barokkkonsertane eg nokon gong har høyrd!"
– Klassekampen
Pris:
Vaksen: 450,-
Barn opp til 15 år: 150,-

Billetter finner du her.