Folkeviser i jazzdrakt? Improvisert jazz av folkeviser? Om du undrar deg over kombinasjonen, så har du sannsynlegvis gått glipp av den tidlause klassikaren «Jazz på svenska». Til gjengjeld har du no eit unikt høve til å høyre jazz på gudbrandsdalsk!
Gled deg til improvisert musikk som på unikt vis klarer å fange den norske folkesjela i eit mjukt jazza landskap! Inspirert av «Jazz på svenska» – ein bauta i skandinavisk jazz og folkemusikk seld i langt over 400 000 eksemplar – tek tre oppjazza herrar tangentane og saksofonen fatt og gir seg i kast med den gudbrandsdalske folkemusikkarven.
Nett som i den svenske inspirasjonskjelda av Jan Johansson, droppar dei komp frå både trommer og gitar, i kveld gjeld berre piano, kontrabass og saksofon for ein inspirert trio.
At den gudbrandsdalske folkemusikkarven er i dei beste, mest jazza hender i kveld er det liten tvil om med dette ensemblet:
John Pål Inderberg | Sax
Jo Fougner Skaansar | Bass
Vegard Moshagen | Tangentar
Pianist Vegard Moshagen har grove djupt i kulturarven for å finne gull til Jazz på gudbrandsdalsk i lag med eminente John Pål Inderberg og Jo Fougner Skaansar.
Inspirert av det sjangersprengande prosjektet blir konserten arrangert i lag med Dølajazz. Få med deg dette framifrå oppspelet til årets Dølajazz!

Billett kr. 350,- voksen / barn kr. 150,-

Billetter finner du her.